30416
Varen er på lager.
Varen er bestilt fra leverandør og leveringsdato er bekreftet.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varen må bestilles fra leverandør.
Varen befinner seg på fjernlager.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varene bestilles fra vår leverandørs lager.
Ubekreftet - Ta kontakt med kundesenter for nærmere informasjon.
KOM-NESE3636LP   Åsmund Nesse Lysning (LP)
Kjøp
-+
249,-

Åsmund Nesse

Lysning (LP)

Produktinfo

Åsmund Nesse er ein ny og original songskrivar og spelemann frå vestlandet.  Som utøvar og songskrivar er han planta i ein tradisjon av folk-, visepop- og americana-musikk. Åsmund Nesse skriv musikk og tekst sjølv, frå vakre melodiske balladar til det spontane og forrykande, alt med ein ekte og livgjevande vestlandsk vind som drivkraft. 

Lysning vart utgjeve 28. november 2015 på vinyl og CD. Albumet er spela inn i NRK Rogaland og Studio Ø på Bømlo. Nesse sitt fyrste soloalbum inneheld 11 spor, alle framført på bømladialekt og produsert i tospann med Hans-Olav Molde. Den fyrste singelen "Gje meg ei lysning" har vore spela på NRK P1 i musikkprogrammet Norsk på Norsk og fått fin omtale i blant anna musikkmagasinet "Hissig".

Albumet er mastra i Cutting Room i Stockholm av Bjørn Engelmann.

Albumet har eit opplag på 1000 CD, og 500 gule 180 grams vinylplater.

Albumet er gjeve ut på plateselskapet Nese Sound som Åsmund Nesse eig sjølv.

 

Medverkande musikarar:

 

Åsmund Nesse - vokal, akk gitar, munnspel

Hans-Olav Molde - trommer

Gunvald Hagen - tangenter

Dag Wolf - pedal steel gitar

Thomas Bang - kontrabass

Jørgen Sandvik - el gitar, mandolin, kor

Kristian Gullåsen - el gitar

Ella Helen Bukkøy - fiolin, kor

Ingrid Mjanger Molde - kor

Benedicte Stokkvik - kor

Terje Nordtun - kor

Reidar Olav Meling - kor

Audun Sandvik - kor

Anna Søvold - kor