48354
Varen er på lager.
Varen er bestilt fra leverandør og leveringsdato er bekreftet.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varen må bestilles fra leverandør.
Varen befinner seg på fjernlager.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varene bestilles fra vår leverandørs lager.
Ubekreftet - Ta kontakt med kundesenter for nærmere informasjon.
GAP100LP Gaphals  Second Sun Eländes Elände (LP)
Kjøp
-+
219,-

Second Sun

Eländes Elände (LP)

Produktinfo
Det har ikkje akkurat vore mangel på syttitalsklingande hardrock frå Sverige dei siste åra, men Second Sun er eit band som nok har gått under radaren til mange. Dei starta som einmannsprosjektet til Tribulation-trommeslagar Jakob Ljungberg, men har utvikla seg til ei real supergruppe med medlemmer frå bl.a. Morbus Chron, Dead Lord og Gravmaskin. Der likande band gjerne ender opp som traurige stillforskingsprosjekt og reindyrka sabbathisme har Second Sun betydeleg mange fleire strengar å spele på. Her fins det spor av både NWOBHM og Fairport Convention-klingande folkrock, så vel som stramme krautrockgrooves og ein god dose progg frå dei svenske skogane. Det er likevel ingen rein nostalgitripp. På same måte som f.eks. Wolf People eller landsmennane sine i Dungen klarer Ljungberg å destillere inspirasjonskjeldene sine på ein måte som gjør at det læt friskt og kontemporært.