Duoen har samarbeida musikalsk i
nærare 30 a°r i ulike prosjekt, og i 2007
gav dei ut albumet Den blide
sol med religiøse folketonar
fortrinnsvis fra° vestlandet, i eigne arrangement . Nominert til
Spellemannprisen.
No har dei gjort ei ny duoinnspeling
med salmar, og denne gongen er alle
folketonane fra° Voss. Berit Opheim har
henta fram mange religiøse folketonar
fra° ulike folkemusikk-arkiv, mange av dei nedskrivne pa° notar av Olav Sande. Mest
sannsynleg har dei ikkje vore i bruk pa° nærare hundre a° r. Det er ekstra verdifullt a° henta
fram og gje liv til denne vakre musikken. Her er kjende salmetekstar som ”Krist stod opp
av døde”, ”Nu rinner solen opp av østerlide ”, ”Nu hviler mark og enge” og mange fleire.
Berit Opheim har funne fram eldre lydopptak og notenedskrifter. Salmetekstane er stort
sett skrivne av kjende salmediktarar, men dei fleste melodiane har lenge vore ubrukte.
Det er no avdøde songkjelder som har forvalta denne songtradisjonen. Her er det
melodiske perler pa° rekkje og rad. Berit seier: "Det er ei stor glede a° fa° presentere
dette ukjende musikalske materialet til eit større publikum, og det er med stor takksemd
til dei som forvalta og song desse folketonane me formidlar dei vidare".
Sigbjørn og Berit har spelt mange duokonsertar opp gjennom a° ra og musikken utviklar
seg heile tida, slik er det ogsa° med dette nye repertoaret, det utviklar seg ved bruk, og
improvisasjonselementet er alltid sterkt tilstades.
Grete Pedersen har produsert saman med Karl Seglem. Innspelinga er gjort i
Vangskyrkja pa° Voss med Tor Magne Hallibakken som lydteknikar. Mastering ved Espen
Høydalsvik
Berit Opheim Sigbjorn Apeland